Posta av: Høyanger Bibliotek | 31/10/2017

Nytt nummer

Hei!

No har biblioteket fått ein mobiltelefon i skranka i tillegg til vårt kommunale fastnummer.

Nummeret til skrankemobilen er 48 89 54 59

 

Det er berre å slå på tråden,

 

mvh

Høyanger bibliotek

 

Advertisements
Posta av: Høyanger Bibliotek | 07/08/2017

Opningstidar haust 2017

Tilbake til vanlege opningstider på biblioteket, dykk finn dei i margen til høgre. Opningstidene til filialane finn ein ved å klikke seg inn på kvar enkelt.

 

 

Posta av: Høyanger Bibliotek | 30/05/2017

Sommarles 2017

Høyanger bibliotek er med på den digitale lesekampanjen Sommerles. Sammen med born frå over 300 andre kommuner kan alle barn i i 1.-7.klasse i Høyanger fra 1. juni være med på Norges kuleste lesekampanje! Sommerles har vore ein stor suksess gjennom fleire år. Målet med kampanjen er å motivere borna til å lese så mykje dei berre orkar i løpet av ein lang sommerferie.

Hva er Sommerles?
– Sommerles er ein digital lesekampanje på nettsiden sommerles.no. Borna lagar seg ein profil, registrerer alt dei leser i kampanjeperioden og får XP (poeng) for kvar leste side. Sommerles gjør det gøy å lese!
– Sommerles er for born i 1.-7.klasse og varer frå 1. juni til 31. august.
– Borna får også tilgang til ein spesialskrevet fortelling skrevet av forfatter Mari Moen Holsve og kan løyse oppgåver knytt til denne.
– I tillegg til poeng kan borna ogs gjere seg fortjent til digitale troféer.
– Årets kampanje er utviklet av Vestfoldbibliotekene, Vestfold fylkesbibliotek, Telemark fylkesbibliotek og firmaet Snuti ANS.

SOMMERLES

Posta av: Høyanger Bibliotek | 29/08/2016

Sommarles avsluttas

Sommarles 2016 avsluttas for i år og frist for å levere inn er 31. august. Vi gjev ein dag og to i slingringsmonn 🙂 Det er likevel lurt å levere inn i tide medan ein hugar det!

 

Ylva Seljenes

Høyanger bibliotek

Posta av: Høyanger Bibliotek | 04/07/2016

Bjordal filial

Frå hausten 2016 vil Bjordal filial halde opent på måndagar. Det er same tid som vanleg – frå 15:30 til 17:30.

 

Dette tek vi til med frå og med måndag 15. august!

 

Helsing Høyanger bibliotek

Posta av: Høyanger Bibliotek | 12/03/2016

Høyanger bibliotek 2016

Det har ikkje vore mykje liv på denne bloggen, men no håpar vi at vi i tida fram over skal ta i eit tak og nytte den meir aktivt 🙂

Her tenkjer vi å informere om aktivitetar i biblioteket og legge ut litt om nye bøker. Vi vil og skrive bokanbefalinger i ny og ne.

 

Mvh

 

Høyanger bibliotek 🙂

Posta av: Høyanger Bibliotek | 27/07/2015

Sommarles 2015

Lesepass Sommarles 2015

Kom innom biblioteket og få deg eit lesepass. Fyller du ut lesepasset med minst fem bøker, kan du vere med i trekninga av bokpremiar og lesebrett. Ein treng ikkje lese boka sjølv, ein kan bli lest for eller bruker lydbok. Den som lest flest bøker får ekstra ros. Alle som deltar får diplom, og vert inviterte til fest onsdag 2. september. Lesepassa må leverast innan 31. august. Det er fortsatt ein del tid igjen.

sommarlesbilde

Posta av: Høyanger Bibliotek | 25/07/2014

Frå Holck til Heggø

 

Høyanger kommune gjev ut boka «Frå Holck til Heggø» i samband med grunnlovsjubileet.

«I 1814 var eidsvollsmannen Ole Elias Holck aktiv med å utforme § 1 i den norske Grunnlova. I 2014 var stortingsrepresentant Ingrid Heggø med på å kjempe fram ein nynorsk versjon av Grunnlova. I mellomtida har Lasse Ellingsen, Edvard Liljedahl, Lasse Trædal og Ivar Norevik vore stortingsrepresemtantar frå det som først var Lavik prestegjeld, og som no er Høyanger kommune

Ole Elias Holck –  ( 6 .januar 1774 i Leirvik –  14. juli 1842 på Alværn i Lavik)framside_hth
Norsk offiser og Eidsvollsmann som var aktiv med å utforme § 1 i den norske grunnlova i 1814.

Lasse Ellingsen – ( 9. oktober 1825 på Grinde i Eivindvik –  29. juli 1905 på Værholm i Lavik.)
Lærar, lensmann og lokalpolitikar frå Grinde ved Eidsfjoden i Gulen.

Edvard Liljedahl – (6. august 1845 i Vik i Sogn – 10. oktober 1924 i Vik i Sogn.)
Norsk kyrkjesongar, lærar, postmeister og politikar for partia Venstre, Moderate Venstre og Frisinnede Venstre.

Lasse Trædal – (18. desember i Trædal i Ikjefjorden i Sogn – 14.oktober 1924 på farsgarden i Trædal.)
Lærar, bonde og Venstre-politikar.

Ivar Norevik – (26. mars 1900 på Norevik i Lavik kommune – 18.mars 1956 på Ullevåll sjukehus i Oslo.)
Fabrikkarbeidar, fagforeningsleiar og arbeiderpartipolitikar.

Ingrid Heggø – (12. august 1961 i Høyanger.)
Norsk arbeiderpartipolitikar, innvald på stortinget for Sogn og Fjordane i 2005 –

Forfattarar:
Ole Elias Holck, Ingrid Heggø, Gaute Ljøtebø, Arne Inge Sæbø, Geir Sæbø og Lasse Trædal. 

Boka kostar 200,- og kan kjøpast på Høyanger Bok og Papir og Høyanger bibliotek. Tlf: 57711590 E-post: bibliotek@hoyanger.kommune.no

Link til artikkel:
nyhende.komheim.no/?sak=3249

3442 (1)

Posta av: Høyanger Bibliotek | 23/07/2014

Lån e-bøker

Har du lyst å låne e-bøker?

Med appen eBokBib gir biblioteka i Sogn og Fjordane deg tilgang til hundrevis av bøker.

1. For å bruke eBokBib treng du ein smarttelefon eller eit nettbrett med iOs (iphone, ipad) eller Android (Samsung, sony, HTC) operativsystem.

2. Du må ha lånekort og pinkode frå eit folkebibliotek eller eit bibliotek i Sogn og Fjordane. Spør biblioteket vårt om lånekort/pin.

3. For å laste ned appen må du vere tilkopla internett. Last ned appen fra App Store eller Google Play/Play Butikk.

4. Bruk lånenummeret som står på lånekortet ditt, og pinkoden du brukar for å nytte deg av biblioteket sine nettenester.

5. Gjennom valet Finn eBøker nedst på skjermen får du opp ei liste over bøker som er tilgjengelege. Menyen oppe til venstre gir deg tilgang til ulike kategoriar, og til høgre er det eit søkefelt som du kan bruke til å søke etter t.d. forfattar eller tittel.

images

 

6. Klikk på lån for å laste ned boka. Er alle eksemplara utlånte, viser ein knapp for reservering i staden for lån. Du får beskjed på nettbrettet/smarttelefonen når du kan laste ned boka du har reservert.

Står det Hent på boka, er det såkalla «frie titlar» – bøker du kan hente ned og ha så lenge du vil.

7. Du kan velje å opne boka med ein gong, eller du kan gå tilbake og gå inn via oversikta Mine eBoklån.

Du blar i boka ved å sveipe over skjermen eller tappe på ei side. Ved å tappe midt på skjermen får du opp menyval som gir deg tilgang til å stille inn lysstyrke/bakgunn og endre skrifttype og storleik. Her kjem det også eit val for å lukke boka, eller du kan bruke tilbaketast.

8. Med valet Mine eBoklån får du ei samla oversikt over kva lån og reserveringar du har, og kor lang lånetid du har.

9. Sveipar du fingeren over ei bok i Mine eBoklån, kan du velje om du vil fornye eller levere boka. Du kan gi vurdering, såkalla stjernekast, av boka når du leverer.

10. Bøker må leverast inn på alle einingar dei er lasta ne på før dei er tilgjengelege for nye lånarar. Bøker blir automatisk sletta når lånetida er ute.

 

f96442b7-4cb5-4512-a1a4-e8c684fa3fa4~__H

Posta av: Høyanger Bibliotek | 23/07/2014

Leseklubb i sommar

Kvar torsdag i sommar er det leseklubb i bliblioteket frå kl. 13.00 – 15.00. Alle born i mellom 7-10 år er velkomne. Det blir boktips, oppgåver og høgtlesing m.m.

lesejente

Older Posts »

kategoriar